Anmeldelse Morgenbladet: Tvilen kryper inn

Anmeldelse Morgenbladet: Tvilen kryper inn

Anmeldt av Margunn Vikingstad, Morgenbladet
Kan forfattaren bli brotsmann i jakta på autentisitet? Nikolaj Frobenius plantar ei snikande uhygge i både tekst og lesar.

Helvete er ein stad i hovudet, blir det hevda eit stykke ut i Nikolaj Frobenius’ nye roman. Det er det lett å tru på etter å ha lese den ferdig. For når hovudpersonen, ein forfattar som er aktuell med sin fjerde roman (den første som er sjølvbiografisk og som skal få det til å losne, altså nå eit større publikum), begynner å gå opp i liminga, er det høgst uklart om det er hovudet til eg-forteljaren eller verda rundt som krakelerer.

Snikande løgner. Romanen stiller fleire interessante spørsmål: Er det sjølvbiografiske språket det næraste for ein forfattar? Kan forfattaren bli til brotsmann i jakta på autentisitet? Og kva gjer ein når ein absolutt vil til verkelegheita, men den berre glepp og alt blir umogleg å kjenne igjen? I ein kronikk i NRK Ytring 21. september (eit innlegg i debatten om Marit Christensens bok om Wenche Behring Breivik) spør Frobenius kva som skjer når ein tvil snik seg inn overfor ein tekst som gir seg ut for å vere påliteleg og sann. Frobenius sjølv er heimsøkt av ein gnagande tvil om at litteraturen si «sanning» er blitt ein snikande, subtil løgn, ei forstilling, eit falskt og skadeleg språk, og siterer – både i kronikken og i denne romanen – den chilenske forfattaren Roberto Bolaño: «Hvis all litteratur forandrer seg til biografier og selvbiografier, vil litteraturen opphøre å eksistere og bli forvandlet til en kloakk av betroelser.»

I denne tilgrodde og mørke verda blir forteljarens veksande paranoia òg min paranoia.

Då Jo Uddermann gir ut bok frå oppveksten, om barndomsvennene Georg og Katinka og om ein skolebrann, blir han raskt henta inn av den verda han har prøvd å skildre så autentisk som mogleg. Mørke grener vekslar mellom ei notid i 2012 og hendingar frå 1990, skildra i den sjølvbiografiske romanen. Både fortid og eit temmeleg ustyrleg begjær er allereie vekt godt til live av Katinka som Jo kontakta i samband med research til romanen. Då Georg, som Jo trudde var død, dukkar opp i notid, blir det enda meir uhygge og mangel på kontroll. Kona Agnete skuldar Jo for å vere utru og hevdar at han har ei anna side, ei ho ikkje stoler på. Forsiktig spreier Frobenius tvil i teksten. Når redaktøren til Jo får tilsendt eit nytt manuskript, ein tekst som er skriven i den umiskjennelege stilen hans, men som Jo hevdar at han ikkje kjenner til, kryp tvilen enda litt lenger inn. Med slike små, fint kalkulerte steg plantar Frobenius ei forstyrrande forvirring, og når Katinka blir funnen død i ei gammal rosemålt kiste ute på ei myr, står det heilt ope kven ein bør tru på og kven ein bør frykte.

Sann forfalsking. Teori og praksis (2004), den nesten sanne romanen om å vekse opp i drabantbyen Rykkinn i Bærum, plasserte seg innanfor den sjølvbiografiske litteraturen samtidig som den forsøkte å utfordre sjangeren. Med årets roman peiker Frobenius på kva ansvar det ligg i å skrive. Jo har ei sitat av Truman Capote klistra opp på veggen: «Å gjøre ferdig en bok er som å ta et barn med ut i bakgården og skyte det.» Han føler sterkt på at det å skrive ferdig den sjølvbiografiske romanen sin er eit lovbrot. Det viktige er likevel at romanen skal vere autentisk. «Jeg hadde slått opp gamle sår. Stukket hodet ned i saker jeg tidligere bare hadde villet glemme. Og muligens ville leseren merke det, at jeg hadde gått ut av mitt gode skinn, som det heter, for å klare å fange de forstyrrende hendelsene på en fyllestgjørende måte.» Jos tru på det autentiske kan synast noko naiv, særleg om ein jamfører med Frobenius’ eigen reflekterte haldning overfor sjølvbiografien som sjanger i Teori og praksis. Der spør han indirekte om det er mogleg å skrive vedvarande sant om eige liv eller om det mest sannferdige er det løgnaktige. Men det som verkeleg verkar noko naivt er når Frobenius i den nemde kronikken i NRK Ytring held fram følgjande usikkerheit som det store problemet knytt til den sjølvbiografiske litteraturen: «Var det virkelig slik det skjedde? Var det slik hun tenkte?» Om ein held seg til skjønnlitteraturen, og om ein meiner at det framleis finst eit skilje mellom litteratur og sakprosa, mellom roman og biografi (som det er all grunn til å meine), trur eg ein undervurderer lesaren om ein må poengtere at sjølv den verkelegheitsorienterte litteraturen har sine løgner.

Viser frykta. Den franske forfattaren Nina Bouraoui minner i Mine onde tanker (som ho karakteriserer som eit fiktivt sjølvportrett) om følgjande: «Mitt skriftarbeid er også et forfalskningsarbeid. Det finnes ikke noen annen sannhet enn min, forstår du, det finnes ikke annet enn mine fortolkninger av tingene.» Nettopp Jo Uddermanns tolking av tinga er motoren i Mørke grener, korleis forfattaren klarer å skape usikkerheit knytt til eg-forteljarens evner til å tolke, og mistolke. Styrken ligg i den spissfindige uhygga, i korleis tvilen om Jo blir sådd, i raffinerte og urovekkande skildringar av skog og greiner. I denne tilgrodde, krokete og mørke verda blir forteljarens veksande paranoia òg min paranoia. Då Jo til slutt finn dotter si Emma sittande aleine på ein stubbe i skogen i Maridalen og ho har sett noko som verken eit barn eller ein vaksen kjem frå utan å bli merkt av det, er eg utmatta av skrekk. «Alt vi gjør, er drevet av frykt eller ønsket om å løsrive oss fra den», tenker Edgar Alle Poe som liten gut i Jeg skal vise dere frykten (2008), Frobenius’ roman om den amerikanske diktaren. Og meir relevant enn å kople årets roman til forfattarens «løgnaktige selvbiografi» frå 2004 er det å lese den som ei vidareføring eller foredling av nettopp boka om Poe. Kva kjem først: litteraturen eller verkelegheita? Kva kjem først: mordet eller skildringa av det? Kva kjem først: frykta eller setninga? spør Frobenius’ Poe seg når bestialske skildringar i novellene hans plutseleg blir til identiske, kriminelle handlingar i hans eiga tid. Dei same spørsmåla melder seg når alt byrjar å rase saman rundt Jo Uddermann. Jos uro er knytt til redsla for at det skal ha snike seg inn noko i teksten, noko heslig som burde ha vore utenkt og uskrive. Og han fryktar straffa for det han har skrive. I jakta på det autentiske mistar eg-forteljaren grepet på omverda og føler at nokon prøver å sverta han innanfrå. Det er mogleg å lese romanen som ei stikk i sida til den sjølvbiografiske litteraturen, som ei etisk påminning om at forsøk på å etterlikne verkelegheita kan få konsekvensar utanfor teksten. Det viktigaste ved Mørke grener er likevel at det er eit stykke uvanleg god litteratur som gjennom subtile løgner viser oss frykta. Det kan umogleg vere eit brotsverk. Tvilen kryper inn Anmeldelse Nikolaj Frobenius Mørke grener 278 sider. Gyldendal. 2013 Subtile løgner: Nikolaj Frobenius fikk mykje merksemd for si sjangerutforsking i den sjølvbiografiske romanen Teori og Praksis (2004). Med Mørke grener rettar han det kritiske blikket lenger fram. A rkivfoto: Siv Dolmen Kan forfattaren bli brotsmann i jakta på autentisitet? Nikolaj Frobenius plantar ei snikande uhygge i både tekst og lesar.



Post en kommentar til dette innlegget
e-post adressen din vil ikke deles med andre. Feltene merket med * er obligatoriske